Å vere gris
Grisen kjem til verda med eitt mål i sikte: å undersøkje verda, ete litt av den og sove.
av Hilde Elin Østerhus, rådgjevar gris i Nortura
Grisens natur er å undersøkje verda grundig, og det gjer den med snuten. Den snusar, bit og rotar i det den kjem over (det kan alle som har hatt gris laus i fôrsentralen skrive under på). Den har ein fantastisk luktesans, som leier den til dei mest interesante fôrmidla å ete, om den var ute i naturen. Noko av denne undersøkjinga er målretta åtferd for å finne mat, resten er av rein nyfikenheit. Ein vaken gris vil dermed anten ete, eller jobbe med snuten som verkty. Arbeidsmessig er grisen ein «maskin» til å stå på, det skal den ha! I tillegg er grisen eit sosialt flokkdyr som aller helst vil gjere nett det som dei andre grisene i flokken gjer. Det betyr, at dei vil ete i lag, pisse i lag, leike i lag og sove i lag. Når sjefen i flokken er ferdig med å ete, pisse, og leike, og vil gå til ro, betyr det at sistemann på rangstigen, som kanskje ikkje er ferdig å ete, drikke eller leike- også må legge seg.
Den minste grisen legg seg utan å vere tilfreds, den er kanskje enno tyrst, svolten eller har ikkje fått tid til å leike og rote. Ein gris som ikkje er tilfreds, vil ha vanskeleg for å falle til ro, og uroar dei andre i gruppa. Ikkje får den sove sjøl, og ikkje let den dei andre vere i fred. Ei gruppe griser som ikkje får kvile tilstrekkeleg, vil bli gretne og stressa, og vere utsett for halebiting av den grunn. Den vesle grisen som sjeldan når fram til maten eller vatnet før dei andre er ferdige, kan bruke halebiting som metode til å tilfredstille leikebehovet, som makt-metode, for å rykke fram til maten eller vatnet, eller den tek halen i rein desperasjon etter mat, kamp om ressursane. Dette skjer typisk i bingar der grisen er ujamn i storleik, eller der kastratar og purker går i lag.