Reko-ringane breier seg over heile landet
Lokalt, kortreist, direkte og ærleg
– Det er fantastiske fordelar med ein Reko-ring, seier Irene Dalland. Ho er ei av pådrivarane for den nye landbruksmarknaden på Vestlandet. Øygarden på Tysnes er basen for å spreie den glade bodskapen.
Irene er frå Nordhordland, og er ikkje oppvaksen på gard. Men no er ho ein ivrig ambassadør for kortreist og lokalprodusert mat frå øya Tysnes. For nokre år sida var ho på den årlege musikkfestivalen på øya Tysnes, og her traff ho Anders, som vart mannen i livet hennar.
Saman har dei eit barn, Knut Severin. Garden på Dalland har i dag både geit, sau og ammekyr av rasen Vestlandsk fjordfe.
– Vi har tenkt på gris og. Eg er nemleg vanvittig glad i bacon. Eg er oppteken av heilskapen i dyrehaldet, så vi får sjå om det blir gris og høns etter kvart, smiler Irene.