Se grisen – oppdag unormal åtferd i tide
Griser vil normalt vere interesserte i alt nytt, og oppsøkjer folk straks dei kjem inn i bingen.
av Hilde Elin Østerhus, rådgjevar gris i Nortura
Overfall og aggresiv åtferd ovanfor menneske er derimot ikkje normalt. Hvis grisene vert jaga opp/vekka, skal dei normalt falle til ro att 10 – 15 min seinare, med mindre det er fôringstid. Gris som brukar lengre tid enn dette, eller har vanskeleg for å roe seg, skal ein vere ekstra merksam på. Generelt høg aktivitet i bingen, og høgt støynivå, er symptom på at noko er galt.
Normalt vil grisen gjere alt samstundes. Hvis enkeltdyr går kvilelause rundt i bingen medan resten kviler, kan det vera teikn på at noko er galt. Dette er lettast å observere i grisens kvilepriodar. Ver obs på døgnrytmen i besetninga, observer grisen i kviletida, då oppdagar du lettare desse ulmande aktivitetane som kan utvikle seg.