Omdisponerar kveite til fôr
Norske Felleskjøp gjev kompensasjon for omdisponering av eit overskot av 8734 tonn matkveite klasse 5 til fôr.
Inneverande sesong vil gi eit overskott av matkveite klasse 5, og Norske Felleskjøp har invitert til tilbod om kompensasjon for å bruke delar av overskotet til fôr. Det skriv dei på heimesida si.
Norske Felleskjøp har i dag vurdert dei innkomne tilboda om priskompensasjon for omdisponering av matkveite klasse 5 etter sesongen 2020 til bruk i fôr. Det er sett ei ramme for kvantum som kan bli omdisponert på 15 000 tonn i denne omgangen. Det kom inn tilbod om omdisponering av 16 434 tonn matkveite. Oppdatering av prognosar for marknadsbalansen seinare i sesongen vil ligge til grunn for eventuelle nye runder med omdisponering.
Norske Felleskjøp er pålagde å gjennomføre reguleringa så rimeleg som mogleg. Normalt vil vi ha valet mellom omdisponering og overlagring. Sjølv om overlagring truleg vil vere lite aktuelt for matkveite av klasse 5 etter denne sesongen, vil vi på noverande tidspunkt ikkje godkjenne tilbod med pristilbod som overstig det som vil bli sett som grense for eventuell seinare overlagring.