Glad for betre ferieavløysing
Glad for betre ferieavløysing
Norske Landbrukstenester (NLT) seier seg glad for at utviklinga med auka tilskot held fram. Til dømes er tilskotet til sjukdomsavløysing auka frå kr. 750,00 til kr. 1130,00 dei siste tre åra.
NLT får stadig tilbakemeldingar om kor viktig gode velferdsordningar er. Ikkje minst gjeld dette for tilskot til ferie/fritid for unge bønder. Skal vi få ungdom til å overta garden, må gode ordningar vera på plass, slik at også bonden kan få ferie og fritid som andre yrkesgrupper.