Billig og bra med bjørk!
Dei fleste har rikeleg tilgong på små lauvtre. Eit veldig godt forskningsprosjekt i Finland fann at det leike/sysselsetjingsmaterialet som varte lengst og var mest populært over tid for grisen, var bjørkestokkar. Det er fullt mogleg å bruke anna trevirke også, men bjørka held lengst på smaken/lukta si.
av Hilde Elin Østerhus, rådgjevar gris i Nortura
Poenget er at bjørkestokkane skal hengjast opp horisontalt på bingeskiljet, oppifrå gulvet, i litt under snute-nivå. Heng dei opp over fast gulv, ikkje heilt oppi liggearealet, men ikkje ut på ristene heller.
Anbefalt mengde trevirke er minst 20 – 25 cm langt per slaktegris, ca 10 cm per avvent smågris.
Smågris: 4 – 7 cm tjukt, 20 – 50 cm lengd.
Slaktegris: 5 – 10 cm tjukt, 40 – 120 cm lengd.
Purker: ca.10 cm tjukt, 40 – 120 cm lengd.