Målpris på gris – svar til Norges Bondelag
Målpris på gris – svar til Norges Bondelag
Viser til svar frå Bondelaget til vårt innspel om diskusjonen knytta til målpris på gris. Det meste av svaret blir brukt til å visa til «feil» i kalkylen i forhold til Norsvin sine normtal og det er i seg sjøl noko oppsiktsvekkande at Bondelaget er mest oppteken av å konstruera tal som viser at økonomien i svinenæringa er for god i forhold til andre produksjonar i landbruket. Vi trudde Bondelaget var meir opptekne av å oppretthalde og auke inntektene i landbruket, og då er nedgang av målpris på svin eit feil tiltak.
Utgangspunktet vårt var ein kalkyle med 12.000 i DB med 2 kr redusert målpris og tilnærma balansert marked. Norsvin sin kalkyle for 2007 gir eit DB på vel 9000! Vi rekna ein byggekostnad på 5 mill som er 1 mill mindre enn det Norsvin bruker i sine kalkyler. Og rentekostnadene? Jo når ein skal vurdere lønnsomheten i eit slikt prosjekt som eit snitt over heile avskrivingsperioden så er det greit nok å rekne rentekrav på halve investeringen. Skal ein seie noko om lønnsomheten dei første åra ein er i drift, må ein ta med heile rentekostnaden for å få eit rett bilde av økonomien.