– ein statusrapport frå prosjektet Små-i-Ro
Helse på smågris i Rogaland
I prosjektet Små-i-Ro er målet å betre helsa på smågrisen i Rogaland. Eit av tiltaka er å kartlegge førekomsten av APP-bakterien i purkebesetningane. APP gjev luftvegssjukdom og viser seg på slakta som brysthinne- og hjartesekkbetennelse. Vi presenterer her resultata etter fyrste året av prosjektet.
Svin nr. 2 – 2023.
Inge Midtveit, Spesialveterinær, prosjektleiar Animalia
Kva er undersøkt i år?
Prosjektet ville undersøkje samanhengen mellom den utvida sjukdomskontrollen (USR) i kjøtkontrollen på brysthinne- og hjartesekkbetennelse i slaktegrisbesetningen og førekomsten av APP i purkene hjå smågrisleverandøren. I dag kjenner vi 19 forskjellige APP-serotypar i verda. Dei ulike serotypane skapar ulike problem for grisane rundt om i verda. I Noreg kjenner vi i hovudsak til at serotype 8 er orsak til sjukdomsutbrot.