Bildet: Drenering med lukka grøfter med ca. 10 meter avstand var tidlegare den vanlegaste måten å dyrke myr på. Grøftane vart ført ut i åpne kanalar med ca. 100 meter avstand. Av di myra synk ujamt må grøftinga gjerast på nytt att etter 20 – 30 år. [Foto Atle Hauge/Nibio]
Endringar i nydyrkingsreglane
Landbruks- og matdepartementet fastsette med virkning frå 2. juni 2020 endringar i nydyrkingsforskrifta.
Det blir innført eit forbod mot nydyrking av myr, men kommunen kan likevel tillate dyrking av myr når bestemte vilkår er oppfyllte.
– Eg er glad for at vi har fått på plass eit regelverk som gir bonden høve til å halde oppe jordbruksdrifta, samstundes som forbodet kan bidra til å redusere klimagassutslepp frå jordbruket, seier statsråd Bollestad.
Endringane er ei oppfølgjing av prop. 39 L (2018-2019) Endringer i jordlova mv. (klimahensyn ved nydyrking). Eit fleirtal i Stortinget la i april til grunn at det skal bli innført eit forbod mot nydyrking av myr i nydyrkingsforskrifta. Eit slikt forbod er derfor tatt inn i ein ny regel i forskrifta.